Jungeland er ein stor andefugl i andefamilien og har naturleg utbreiing i Søraust-Asia og på det indiske subkontinentet.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Asarcornis scutulata
- Beskriven av
- (Müller, S, 1842)
Som vaksen er fuglen ca. 70 cm lang, hannfuglar veg rundt 3,4 kilo og hofuglane rundt 2,6 kilo.
Arten er knytt til fuktig tropisk skog og ulike våtmarkshabitat.
Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt ti egg som blir ruga ut i løpet av ca. 30 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fire månader etter klekking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.