Content-Length: 59275 | pFad | https://snl.no/kvede

kvede – Store norske leksikon
Cydonia oblonga
Kvede kan minne litt om ei hard blanding av pære og eple.

Kvede er ei planteslekt i rosefamilien som består av berre ein art, kalla vanleg kvede. Kvede blir òg brukt om andre slekter i rosefamilien, til dømes eldkvedeslekta.

Faktaboks

Også kjend som
ekte kvede, vanleg kvede
Beskriven av
Tourn. ex Mill
Årleg global produksjon
697 600 tonn (2021)

Beskriving

Kvedetre
Kvedetre. Kanton Bern, Sveits. September 2024.
Kvedetre
Lisens: CC BY SA 3.0

Vanleg kvede (Cydonia oblonga) er ein lauvfellande busk eller eit lite tre som blir opptil åtte meter høgt. Blada er eggeforma. Blomane er kvite til rosa, femtallege og har ein diameter på omtrent fem centimeter. Dei blomstrar tidleg om våren. Fruktene som blir utvikla er bæreple som er gule og lòdne. Dei er på storleik med grapefrukt. Vanleg kvede blir delt inn i to underartar etter fasongen på bærepla. Den eine underarten produserer frukter som har fasong som eple, medan den andre underarten produserer frukter som har pærefasong.

Fruktkjøtet på kvede er fast, velsmakande og rikt på pektin. Kjernehuset har brune frø med smak av bitre mandlar.

Utbreiing

Vanleg kvede oppstod som art i Kaukasusområdet i Vest-Asia, og er tilpassa eit varmt og tørt klima. Frå opphavsområdet har kvede spreidd seg austover i Asia mot Himalaya og vestover til Europa. Kvede er seinare introdusert i Afrika, Amerika og i Oseania, der han blir dyrka.

Kvedetre kan vekse i dei varmaste strøka av Noreg, og er planta nokre stader som hagetre. Det er ingen kommersiell produksjon av kvede i Noreg.

Dyrking

Global produksjon av kvede

tidspunkt tonn
1961 298522.0
1962 278097.0
1963 289289.0
1964 321604.0
1965 317251.0
1966 296345.0
1967 324965.0
1968 347895.0
1969 330217.0
1970 335388.0
1971 324286.0
1972 315190.0
1973 306550.0
1974 301084.0
1975 347354.0
1976 333869.0
1977 331533.0
1978 300994.0
1979 283919.0
1980 266771.0
1981 307653.0
1982 308601.0
1983 353525.0
1984 312255.0
1985 340290.0
1986 345964.0
1987 304287.0
1988 334844.0
1989 342222.0
1990 344392.0
1991 300278.61
1992 336260.83
1993 344378.79
1994 350136.79
1995 332285.0
1996 367309.33
1997 366207.44
1998 395366.63
1999 412854.93
2000 427363.79
2001 434831.09
2002 442727.31
2003 459262.86
2004 430653.84
2005 472315.39
2006 466980.82
2007 489871.51
2008 480609.75
2009 512524.88
2010 537430.35
2011 571713.86
2012 602237.24
2013 647080.82
2014 630148.3
2015 672786.06
2016 649118.64
2017 700793.49
2018 663934.65
2019 661451.59
2020 699405.91
2021 701204.4
2022 700479.34
2023 687036.0
Kilde: FAOSTAT

Størstedelen av kvedeproduksjonen i verda skjer i Asia, men det blir òg og dyrka kvede i varme strøk i Europa, Amerika, Oseania og Afrika.

Land Produksjon i tonn
Tyrkia 192237
Kina 111576
Usbekistan 95654
Iran 90477
Marokko 43523

(Produksjontal for 2023, Kjelde: FAO Stat)

Bruk

Frukta av kvede blir brukt til mat. Fruktene blir ikkje etne rå, men kan varmebehandlast og eignar seg mellom anna godt til sylting.

Kvedefrø, blad og frukter har blitt brukt innan tradisjonell medisin.

Unge kvedetre blir òg dyrka for å bli brukte som grunnstammar i pæredyrking, der pære blir poda på grunnstamma av kvede.

Næringsinnhald

Frukta kvede inneheld cirka 15 milligram vitamin C, 201 milligram kalium, 83 prosent vatn og 285 kilojoule tilførte energi per 100 gram etande vare.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Artsdatabanken-ID
153717
GBIF-ID
2986441

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://snl.no/kvede

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy