Peposacaand er ein middels stor andefugl i andefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika og spreidde øyar i Sør-Atlanterhavet.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Netta peposaca
- Beskriven av
- (Vieillot, 1816)
- Framandartstatus i Noreg
- LO – Lav risiko
Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang, hannfuglar veg rundt 1,2 kilo og hofuglane rundt éin kilo.
Arten er knytt til innsjøar med ferskvatn og myr. Peposacaand lever av plantedelar som han finn i vassoverflata og på bakken.
Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt ti egg som blir ruga ut i løpet av ca. 28 dagar.
Peposacaand lever vanlegvis i rundt åtte år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.