Quinoa er ei plante som blir dyrka for dei næringsrike frøa, som blir brukt i matlaging. Frøa er glutenfrie og rike på protein, mineral, vitamin og antioksidantar. Det er er ei av dei eldste kulturplantene frå Sør-Amerika, der ho truleg har vore dyrka som matplante i rundt 7000 år. I Inkariket vart planta sett på som heilag. Det er avla fram fleire sortar som er tilpassa ulike miljø. Quinoa vert sett på som ein viktig art for framtidig matsikkerheit.
Faktaboks
- Uttale
-
quinoa
- Vitskapeleg namn
- Chenopodium quinoa
- Beskriven av
- Carl Ludwig von Willdenow
- Årleg global produksjon
- 147 000 tonn (2021)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.