Stagflasjon er ein situasjon der det er arbeidsløyse og stagnasjon i produksjonsveksten samstundes som det er stigning i prisnivået (inflasjon). Omgrepet høyrer til faget samfunnsøkonomi.
Faktaboks
- Uttale
-
staggflasjon
- Etymologi
- nydanna, av stagnasjon og inflasjon
Klassisk makroøkonomisk teori gjekk ut frå at ein ville få anten stagnasjon eller inflasjon. Denne oppfatninga kom til uttrykk gjennom Phillips-kurva, som viser eit byteforhold mellom arbeidsløyse og inflasjon. Stagnasjon og arbeidsløyse ville inntreffe når den samla etterspurnaden etter varer og tenester var for låg, medan inflasjon ville inntreffe når etterspurnaden var for høg.
Det har likevel vist seg at prisnivået i det moderne samfunnet kan stige sjølv ved låg etterspurnad i økonomien. Fenomenet vart særleg tydeleg i byrjinga av 1970-åra, då ordet vart skapt.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.