Tamasjek er eit språk som høyrer til den berberske (amazighiske) greina av den afroasiatiske språkfamilien. Tamasjek er førstespråket til 1,2 millionar menneske i Algerie (25 000), Burkina Faso (31 000), Libya (17 000), Mali (440 000) og Niger (720 000).
Tamasjek har status som nasjonalspråk i Mali (saman med 11 andre; fransk er offisielt språk) og Niger (saman med 5 andre; fransk og hausa er offisielle språk). I desse landa er det undervisning i tamasjek i grunnskulen, og språket blir nytta i radioprogram.
Endonymet for språket – det vil seie ordet for språket på språket sjølv – er tămašăɣt [tɑˈmɑːʃɑqː]. Ein person som høyrer til den etniske gruppa, ein tuareg, heiter ămašăɣ [ɑˈmɑːʃɑɣ] (fleirtal imušaɣ [iːˈmuːʃɑːɣ]) i hankjønn og tămašăɣt (fleirtal timušaɣ [tiːˈmuːʃɑːɣ]) i hokjønn. Den viktige tuaregbyen Timbuktu heiter Tinbuktu.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.