Agder hadde på slutten av 1800-talet over åtte prosent av befolkninga i landet. Ved overgangen frå seglskip til dampskip oppstod ei krise i skipsfarten, ei svært viktig næring i Agder, noko som gav langvarige verknader på befolkningsutviklinga i fylket. Frå denne tida og fram til 1960-talet søkk den relative delen av Noregs befolkning busett i Agder til 5,2 prosent. Frå midten av 1960-talet har fylket hatt ein relativt sterkare befolkningsvekst enn landet samla sett og dermed ein aukande del av folketalet i landet; i 2024 låg denne på 5,8 prosent.
I tiårsperioden 2014–2024 auka folkemengda i Agder med gjennomsnittleg 0,9 prosent årleg, ein marginalt sterkare auke enn i landet samla sett som hadde ein auke på 0,8 prosent i same periode. Etter kommuneinndelinga frå 2024 var veksten i denne perioden størst i Kristiansand/Vennesla og i kystkommunane i aust (Risør, Tvedestrand, Arendal, Grimstad, Lillesand) med ein gjennomsnittleg årleg vekst på høvesvis 1,2 og 0,8 prosent. Svakast vekst i denne perioden hadde dei indre bygdene i vest (Hægebostad, Sirdal og Åseral) og Setesdal (Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle) med ein vekst på høvesvis 0,3 og 0,6 prosent.
Seks av dei 25 noverande kommunane i fylket har lågare folketal i 2024 enn i 1950. Alle desse ligg i innlandet: to i Setesdal (Bygland og Valle), to høyrer blant dei indre skogbygdene aust i fylket (Gjerstad og Åmli), og to ligg i øvre del av dei nord-sørgåande dalstrøka i vest (Hægebostad og Åseral).
Dei områda som har svakast befolkningsutvikling, har også stort sett den lågaste tettstadsdelen (urbaniseringsgraden) i befolkninga. Agder samla sett hadde ein tettstadsdel på 80 prosent i 2024 mot 83 prosent i landet samla sett. Tettstadsdelen er størst i Kristiansand-området (Kristiansand og Vennesla) og i kystkommunane i austre del av fylket (Risør, Tvedestrand, Arendal, Grimstad og Lillesand) der høvesvis 94 og 82 prosent av befolkninga bur i tettstader (2024). Kyststroka i vestre del av Agder (Lindesnes, Lyngdal, Kvinesdal, Farsund og Flekkefjord) har til samanlikning ein urbaniseringsgrad på 66 prosent.
Dei tre områda som utgjer dei indre stroka av Agder, har ein betydeleg lågare tettstadsdel en resten av fylket; det gjeld Setesdal (Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle), dei indre skogbygdene aust i fylket (Gjerstad, Vegårshei, Åmli, Froland og Birkenes) og dei øvre dalstroka vest i fylket (Åseral, Hægebostad og Sirdal). Desse tre områda hadde høvesvis 47, 50 og berre 25 prosent av befolkninga busett i tettstader i 2024.
Kyststroka i den vestlege delen Agder (Lindesnes, Kvinesdal, Lyngdal, Farsund og Flekkefjord) har etter dette ein urbaniseringsgrad som er noka lågare enn i kystkommunane fra Kristiansand og austover, men ligg klårt over den en finn i dei indre delane av fylket.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.