Loading [MathJax]/extensions/TeX/mhchem.js

Content-Length: 112370 | pFad | http://snl.no/bly#-Namn

bly – Store norske leksikon
Utdrag fra periodesystemet
Bly er det 82. grunnstoffet i periodesystemet. Det har atomnummer 82, atommasse 207,2 og atomsymbol Pb.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0
Bly

Nyskaret bly har ein blank utsjånad før overflata blir oksidert

Bly
images-of-elements.
Lisens: CC BY 3.0

Bly er eit grunnstoff og eit metall som er lett å forme. Ein kan skjere i reint bly med kniv, og ein kan valse det til plater og foliar med ei tjukn heilt ned til 0,01 millimeter. Metallet er imidlertid svakt og går lett sund. Det har òg liten elastisitet.

Faktaboks

Etymologi
av indoeuropeisk blei, ‘skinne, glinse’ Pb kommer av latin plumbum
Engelsk namn
lead

papir gir bly ein mørk strek, og tidlegare skreiv ein derfor med bly (blyant). Dagens blyantar inneheld ikkje bly, men grafitt.

Bly blir mellom anna brukt til å lage hagl og prosjektil. Fordi bly har høg tettleik nyttar ein det til skjerming mot radioaktiv stråling. Tidligare vart bly nytta som tilsetningsstoff i bensin og ulike typar måling.

Bly er giftig, sjå blyforgiftning. Ein har difor redusert bruken av bly så mykje som mogleg. Som konstruksjonsmateriale kan det i stor grad bli erstatta av andre materiale.

Bruk

Bly blir brukt til ei rekkje ulike formål, til dømes i loddetinn, behaldarar for aggressive væsker, prosjektil, blyhagl, røyr, støypegods, bilbatteri (blyakkumulatorar) og anna.

Skjerming mot stråling

Blyfrakk og thyreoideakrage
Blyfrakk brukes på sykehus og kan begrense eksponering for ioniserende stråling.
Blyfrakk og thyreoideakrage
Av /Shutterstock.

På grunn av den høge tettleiken blir bly brukt mykje som skjermingsmateriale mot radioaktiv stråling og røntgenstråling, til dømes som blykappe ved visse røntgenundersøkingar.

Fargestoff

Eit av dei tidlegaste kjende bruksområda til bly er som fargestoff. Fleire blymineral og blysalt har vore nytta gjennom tidene i mellom anna måling, til farging av tekstil og i kosmetikk.

Ulike blysalt kan gje kvit, svart, gul, raud og oransje farge. Dei fleste blyfargane har stor dekkevne, men er giftige. Blykvitt er mykje brukt som fargestoff i måling. Produksjon og bruk av blyhaldig måling er no regulert i forskrifter i Noreg.

Blylegeringar og blyhagl

Hagl

På norske skytebaner har det vært forbud mot bruk av blyhagl siden 2002. Fra 2023 er det totalforbud mot å bruke blyhagl i tilnærmet all jakt, inkludert småviltjakt.

Av .

Som metall blir bly vanlegvis brukt som legeringar. For å gjere bly noko hardare, tilset ein ofte noko antimon eller arsen.

Blyhagl består av bly tilsett små mengder arsen (0,2–1 prosent) for å auke hardleiken og betre kuleforma.

Loddetinn er ein bly-tinn-legering med lågt smeltepunkt. Bly-antimonlegeringar har tilstrekkeleg hardleik til å kunne maskinerast.

Bly i bilakkumulatorar er legert med rundt 10 prosent antimon. Loddetinn er ei legering med tinn og bly. Det nyttar ein mellom anna til lodding av elektriske komponentar.

Bly i bensin

Blyfri bensin

Blyholdig bensin var tidligere en kilde til organiske blyforbindelser, men har siden 1980-tallet blitt faset ut.

Av /Flickr.
Lisens: CC BY 2.0

Tetraetylbly vart tidlegare brukt som tilsetning til «blyholdig bensin» for å oppnå ei meir kontrollert forbrenning i eksplosjonsmotorar, for å hindre motorbank og auke oktantalet. Blyet gjekk ut i atmosfæren med eksosen og forårsaka betydelege forureiningar.

Bly i emaljar

Keramikk
Keramikk kan noen ganger være glasert med blyforbindelser. Hvis man lager sure sauser eller dressinger i slike, kan man få i seg bly.
Keramikk
Av /Shutterstock.

Blyoksid blir brukt i nokre emaljar for å senke smeltepunktet og lettare å arbeide med. Bly kan utlutast frå slike emaljar sjølv i svakt sure løysingar, som til dømes fruktsyrar. I keramikk som har glasur produsert i utlandet kan det difor vere bly. Dersom ein blandar ein dressing med eddik, kan bly difor kome med i dressingen.

I Noreg og ei rekkje andre land er det sett strenge reglar for den mengda bly som kan brukast i emaljar. Til no har ein ikkje utvikla ei fullgod erstatning for blybatteri for bruk i bilar; for denne bruken kan blyet likevel lett resirkulerast.

Bly som varme/kjøle-medium

Bly har eit lågt smeltepunkt (327 °C) til å vera metall og er derfor eigna til å transportere varme med høg temperatur. Med eit kokepunkt på 1751 °C kan varmen transporterast med eit flytande medium under atmosfærisk trykk. Dette blir utnytta i nokre nyare kjernereaktorar der bly i staden for vatn blir brukt som kjølemiddel. Sjå blykjølt hurtigreaktor.

Blyglas

Glass
Lokkskål i blyglass med rikslepen dekor.

Blyoksid er ein komponent i krystall og blyglas som gjerne brukast i fint glas, til pryd- og kunstgjenstandar og optiske glas. Såkalla heilkrystall skal inneholde minst 24 prosent blyoksid, medan tungt blykrystall inneheld heile 30,5 prosent blyoksid.

Førekomst

Wulfenitt
Wulfenitt fra Red Cloud Mine, La Paz County, Arizona, USA. Mineralet kalles også gulblyerts og inneholder bly.
Wulfenitt
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Det er rundt 10 ppm bly i jordskorpa. Trass i små mengder totalt sett, finst bly i store drivverdige førekomstar i form av lett reduserbare mineral. Det viktigaste blymineralet er galenitt.

Andre blymineral er cerussitt, krokoitt, gulblyerts og anglesitt.

Galenittførekomstane inneheld gjerne ei rekkje andre metall, blant dei små mengder sølv (0,01–0,3 prosent). Galenitt er derfor også ei viktig sølvkjelde.

Førekomstar i Noreg

galenitt
Galenitt og sfaleritt fra Konnerud, Drammen. Utsnitt ca 3,5 cm
galenitt
Av .

Det viktigaste mineralet er galenitt, PbS. Det har vore produsert frå fleire av våre komplekse kismalmer saman med sfaleritt (sinkblende) og chalcopyritt (svovelkis).

Det har òg vore drift på blyglans i Oslofeltets kontaktførekomstar, til dømes på Grua og Konnerud. Her er inneheld galenitten òg sølv, og dette er hovudårsaka til at desse små førekomstane har vore drivne. Reine førekomstar av galenitt finst i vidt utstrekte sandsteinlag langs kanten av Den skandinaviske fjellkjeda. Dei rikaste funna er gjorde på svensk side, med Laisvall i Norbotten som Europas største blygruve. Ingen av dei norske førekomstane er drivverdige i dag.

I kroppen

Bly kan vere svært farleg for kroppen. Metallisk bly og blysambindingar, både uorganiske og organiske, er giftige. Nokon er også kreftframkallande. Bly er utbreidd overalt i industrisamfunn, om enn i små mengder. Grunnstoffet kan kome inn i kroppen ved innanding i form av blyhaldig støv, damp eller mat og drikke. Bruk føreset strenge hygieniske tiltak for å hindre spreiing av støv og inntak gjennom munn eller luftvegar. Barn absorberer bly langt betre enn vaksne. Bly passerer morkaka og vil lagrast òg hos fosteret.

Bly kan påvisast i blodet og i beinvevet hos alle menneske. Bly bind seg til dei raude blodcellene og blir transportert vidare til andre organ i kroppen. Som oftast legg blyet seg i beinsubstansen utan skadeverknad. Kjem blyet attende til blodet, kan vi bli blyforgifta. Blyet hemmar ei rekkje enzym og gir forgiftingsskadar i ulike organ. Mest farleg er det om beinmergen og nervesystemet blir forgifta. Symptoma på ei mild blyforgifting er trøyttleik, magesmerter, hovudverk og forstopping. Er blyforgiftinga alvorleg, kan ein oppleve lamming, særleg sterke magesmerter og blodmangel.

Historikk

Sminke
Sminkeboks med blyhvitt.
Av .
Akvedukt

Pont du Gard ble bygget i det første århundret fvt.

Akvedukt
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Bly er eitt av dei metalla som har vore kjende og nytta heilt frå oldtida. Det hittil eldste funnet av bly er frå cirka 6500 fvt. I Egypt var bly kjent allereie før 3400 fvt. Dei nytta bly som fargestoff og for å støype små figurar. I egyptiske graver frå andre årtusen fvt. har ein funne kosmetikk med ulike blymineral.

Bly er omtalt i Det gamle testamentet, og grekarane vann ut store mengder i cirka 550 fvt. ved LaurionAttika, på Kypros og Rhodos.

Romarane utnytta førekomstar i Italia, Spania, Frankrike, England og Tyskland. Dei nytta det mellom anna til vassrøyr, bestikk, myntar og som kvitt pigment til måling. Bly vart òg nytta som raudt pigment til innandørs dekorasjonar. Romarane nytta bly(II)acetat som også blir kalla blysukker, eit kvitt stoff med søt smak, som søtingsstoff i vin. Nokon meiner at dette var årsaka til demens hos fleire av keisarane i romarriket og også det låge fødselstalet mellom romarane på den tida.

I perioden 700–1200 evt. fekk blyproduksjonen eit stort oppsving ved at ei rekkje bly-sølvgruver vart teken i bruk ulike stader i Tyskland. I mellomalderen tilsette ein bly i vinen for å gjere han søt. Det førte til magesmerter, som er eit typisk teikn på blyforgifting.

Namn

Namnet bly stammar frå det latinske namnet plumbum. Namnet viser til utsjånaden og har bakgrunn i det indoeuropeiske ordet bhlei, som tyder «skine» eller «stråle».

Symbolikk

Bly er mellom dei sju metalla som var kjende i oldtida. Kvart av dei sju metalla vart knytt til ein av dei sju himmellekamane ein òg kjende til. Antakeleg fordi bly er eit tungt metall vart det knytt til Saturn. Denne planeten, som var lengst vekk frå sola, så ut til å bevege seg sakte, som ein tung lekam. Det same symbolet vart nytta både for metallet bly og for planeten Saturn.

Framstilling

Framstillinga av bly frå galenitt er i prinsippet enkel, men blir komplisert av at galenitt òg inneheld andre metall. Ein del av desse blir fjerna ved selektive flotasjonsprosesser av den finknuste malmen. Deretter blir den opprikte malmen opparbeidd, først ved røsting av sulfida til oksid og deretter ved reduksjon av oksida til metall med koks i sjaktomnar, elektriske eller roterande omnar.

Den kjemiske reaksjonen for røsting kan sterkt forenkla og summarisk bli gjengitt med fylgjande reaksjonslikning:

\[\ce{2PbS(s) + 3O2 (g) -> 2PbO(s) + 2SO2(g)}\]

Her er \(\ce{PbS}\) blysulfid i fast form (s for solid), \(\ce{O2}\) er oksygengass, \(\ce{PbO}\) er blyoksid og \(\ce{SO2}\) er svoveldioksid i gassform.

For reduksjonen er reaksjonslikninga:

\[\ce{2PbO(s) + C(s) -> 2Pb(s) + CO2}\]

Her er \(\ce{PbO}\) blyoksid, \(\ce{C}\) er karbon, \(\ce{Pb}\) er reint bly og \(\ce{CO2}\) er karbondioksid.

Det såkalla «verkblyet» eller «harde blyet» som ein får på denne måten, er forureina med små mengder kopar, sølv, gull, vismut, arsen, antimon og tinn. Forureiningane blir fjerna gjennom fire raffineringstrinn. Sølv blir trekt ut ved at blysmelten blir behandla med smelta sink. Dei to smeltene er ikkje blandbare, og sølvet blir opprikt selektivt i sinksmelten.

Bly blir framstilt teknisk med renhetsgrader på 99,85–99,94 prosent. Elektrolytisk raffinering gir 99,995 prosent bly. Ved sonesmelting kan ein framstille 99,9999 prosent bly.

Produksjon

Metallproduksjonen av bly er betydeleg. Dei viktigaste produksjonslanda er Kina, USA, Russland, Austraila og Canada. Berre av jern, aluminium, kopar og sink blir det produsert meir.

Verdsproduksjonen av bly var 4,5 millionar tonn i 2023. Nær halvparten (1,9 millionar tonn) av dette vart produsert i Kina. Omtrent like mykje vart produsert av omsmelta skrapmetall.

Mindre mengder bly har vore produserte i Noreg, mellom anna i Bleikvassli Gruber (Hemnes) og Mofjellet gruver (Mo i Rana).

Kjemiske eigenskapar

Bly

Reint bly.

Bly er eigentleg ganske lyst med blåkvit glans. Imidlertid er overflata ofte dekka av eit matt, grått lag med blyoksid.

Bly har eig lågt smeltepunkt til metall å være, smeltepunktet er 327 °C. Bly er det siste stabile grunnstoffet i gruppe 14 i periodesystemet.

Bly korroderer lite i heilt tørr luft og i fullstendig luftfritt vatn. I fuktig luft blir metallet overtrekt med ein matt, grå oksidfilm som vernar godt mot vidare oksidasjon. I vatn med oppløyst luft (oksygen) blir bly langsamt korrodert. Blyrør eignar seg derfor ikkje som leidningar for drikkevatn. Korrosjonen er langsamare i hardt vatn der det blir danna eit belegg på overflata av basisk blykarbonat og blysulfat.

Bly korroderer svært langsamt i syrer som dannar tungt lauslege blysalter, som til dømes saltsyre og svovelsyre, ved at salta dannar vernande belegg på metalloverflata. Derfor kan blykar brukast for oppbevaring av svovelsyre. Bly løyser seg likevel i salpetersyre og i nærvær av oksygen i eddiksyre og andre organiske syrer. Bly blir òg angripe av sterke basar. Ved oppvarming blir bly fullstendig oksidert av oksygenet i lufta.

Sambindingar

I sambindingar er bly både to- og fireverdig. Dei toverdige sambanda er mest stabile. Fleire av dei vart tidlegare brukte som målarfargar. Sjå blyfargar.

Bly dannar tre oksid: PbO, Pb3O4 og PbO2. PbO2 er eit kraftig oksidasjonsmiddel, ein eigenskap som er avgjerande i blyakkumulatoren.

Nokre blysambindingar omtala i leksikonet er:

Isotopar

Det er fire stabile isotopar av bly:

  • 204Pb (1,4 prosent)
  • 206Pb (24,1 prosent)
  • 207Pb (22,1 prosent)
  • 208Pb (54,2 prosent)

Blyisotopane 206, 207 og 208 er stabile sluttprodukt for dei tre seriane av radioaktive grunnstoff som blir danna ved spaltning av uran-238 (uranserien), uran-235 (actiniumserien) og thorium-232 (thoriumserien). Dette forklarer at bly som blir framstilte frå uranmineral har ei anna atomvekt (205,05) enn bly frå thoriummineral (207,90). Atomvekta av bly varierer derfor med funnstaden.

Ved å samanlikne forholdet mellom isotopar av modermetallet med isotopar av sluttproduktet er det mogleg, under gjevne vilkår, å estimere alderen til bergartar. Til dømes er måling av forholdet mellom uran- og blyisotopar ein dateringsmetode innan geologi.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Smeltepunkt
327,45 °C
Kokepunkt
1751 °C
Massetettheit
11,350 g/cm³
Oksidasjontal
II, IV
Elektronkonfigurasjon
[Xe]4f¹⁴5d¹⁰6s²6p²

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: http://snl.no/bly#-Namn

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy