Kalsium er eit grunnstoff som i rein form er eit mjukt metall som liknar sølv. Kalsium er det femte mest vanlege grunnstoffet på jorda og det tredje mest vanlege metallet.
Faktaboks
- Etymologi
-
av latin calx, 'kalk'; det vil seie bergartar som inneheld kalsiumkarbonat
- Engelsk namn
- calcium
- Atomsymbol
- Ca
- Atomnummer
- 20
- Relativ atommasse
- 40,08
Kalsium høyrer til jordalkalimetalla som står som gruppe 2 i periodesystemet.
Kalsium er viktig for dei aller fleste levande vesen. Samband av kalsium er ein viktig bestanddel i beinvev, tenner, skal og anna vev hos menneske og dyr. Innan medisin og ernæring blir ei rekkje kalsiumsamband kalla for kalk.
- Les meir om kalsium i kroppen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.