Korallhavøyane er ei øygruppe og føderalt territorium i Australia, aust for Great Barrier Reef i Korallhavet, nordaust for den australske delstaten Queensland. Dei består av spreidde øyar og rev over eit havområde på rundt ein million kvadratkilometer.
Øyane er utan busetnad sett bort frå ein meteorologisk stasjon på Willisøya, der det arbeider fire personar (2020).
Korallhavøyane vart erklærte som eit eige australsk territorium i 1969 med jurisdiksjon underlagt Norfolkøya. Elizabeth og Middleton-reva vart innlemma i 1997.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.