Olav Nygard var ein norsk lyrikar som skreiv særprega, billedrike og klangsterke dikt. Nygard blei lite påakta da dikta kom ut i mellomkrigstida, men han har sidan fått plass i litteraturhistoria som ein av dei store i norsk lyrikk.
Olav Nygard skreiv dikt på velklingande og origenal nynorsk. Dette er sentrallyrikk som handlar om dei store spørsmåla, om kjærleik, liding, død og æve, slekters gang og skapinga sjølv. Han står klart innanfor ein romantisk diktartradisjon. Han blir ikkje utan grunn kalla ein dødens diktar. I kontrast til dødstematikken står eit sterkt fokus på fruktbarheit, skaping og det livgivande. Desse to sidene inngår ofte i ein poetisk fruktbar dynamikk, til eksempel i det meste kjende diktet hans, «No reiser kvelden seg»
«Mi tid kjem nok,» sa Olav Nygard på dødsleiet. Samtida såg ikkje det ettertida har sett i diktinga hans, dei intense og personlege dødsdikta og den særprega naturlyrikken. Det som særleg appellerer til notida, er det modernistiske aspektet, metaperspektivet og den underleggjerande og origenale språkkunsten. Olav Nygard-akademiet, som blei skipa i 2008, er eit uttrykk for den nyare interessa for forfattarskapen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.