Vossavangen er ein tettstad i Voss kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,9 km², og har 6965 innbyggjarar (2023).
Vossavangen er administrasjonssenter i Voss herad, ligg rundt elvemøtet mellom Raundalselvi og Strandaelvi (sjå Vosso) og austenden av Vangsvatnet. Tettstaden strekkjer seg vestover til Gullfjordungen, austover til Rykke/Palmafoss og sørover til Gjernes ved Vangsvatnet. Sentrumsområdet ligg hovudsakleg mellom jernbanen i nord og idrettsanlegga nord for Vossos utløp i Vangsvatnet i sør.
Vossavangen er eit viktig kommunikasjonssenter med Voss stasjon som både har lokaltrafikk på strekninga Bergen–Myrdal/Flåm (Flåmsbana) og faste stopp på regiontoga på Bergensbanen mellom Oslo og Bergen. Staden er òg knutepunkt for ei rekkje bussruter, både lokale og regionale.
Vossavangen er handelssenter for eit stort område, likeins eit viktig skulesenter med fem vidaregåande skular med ei rekkje studieretningar, og dessutan Voss Folkehøgskule. Ikkje minst er Vossavangen eit viktig turistsenter med stor trafikk både sumar og vinter. På Vossavangen ligg Voss sjukehus. Her er fleire museum, og her ligg Voss kyrkje, Vangskyrkja, ei steinkyrkje frå 1200-talet, og Finnesloftet, truleg Noregs eldste verna profane bygg, frå sist på 1200-talet.
Avisa Hordaland blir gjeve ut på Vossavangen.
Vossajazz blir arrangert årleg, likeins Ekstremsportveko.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.