Content-Length: 33011 | pFad | https://snl.no/mysterium

mysterium – Store norske leksikon

Mysterium er noko som er utanfor fatteevne, eit dunkelt og uforklarleg fenomen eller ei hending ein ikkje kan forklara; ei hemmelegheit eller ei gåte. Eksempel: kjærleikens mysterium; naturens mysterium; det er framleis eit mysterium korleis bilen hamna i elva.

I gresk religion står mysterium for dei løyndomsfulle, religiøse handlingane som berre dei innvigde får ta del i. Ein mysteriekult er ei eksklusiv religiøs gruppe som er oppteken med esoteriske ritual, til dømes den elevsinske mysteriekulten.

Mysteriespel eller pasjonsspel var skodespel som vart framførte i kyrkjene i mellomalderen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://snl.no/mysterium

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy