Content-Length: 91167 | pFad | http://snl.no/Paraguay

Paraguay – les om historie, språk, politikk – Store norske leksikon

Faktaboks

Offisielt namn
República del Paraguay (spansk) Tetâ Paraguay (guaraní)
Norsk namn
Republikken Paraguay
Uttale

paraguay

Hovudstad
Asunción
Statsform
Republikk
Statsoverhovud
Santiago Peña
Landareal
397 300 km²
Totalareal
406 752 km²
Innbyggjartal
6 844 146 (Verdensbanken 2023)
Offisielt/offisielle språk
Spansk, guaraní
Religion
Katolsk kristendom
Nasjonaldag
14. mai
Mål og vekt
Metrisk
Valuta
Guaraní à 100 céntimos
Nasjonalsang
Paraguayos, República o muerte
Flagg
Riksvåpen
Paraguay, plassering
Paraguay (mørkegrønt) ligger i Sør-Amerika (lysegrønt).
Paraguay, plassering
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Plassering av Paraguay med naboland rundt, kart
Paraguay og naboland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Paraguay er ein republikk i Sør-Amerika, i innlandet utan kystlinje, med grenser til Bolivia i nord, Brasil i aust og Argentina i vest og sør. På grunn av den geografiske plasseringa på kontinentet, er landet kjent som «Sør–Amerika sitt hjarte».

Namnet Paraguay har ikkje eit kjent opphav, men stammar truleg frå samansette ord frå guarní; para, 'store elv', og quay, 'som høyrer havet til'.

Opphavleg var Paraguay busett av guaranifolket, fram til landet blei spansk koloni på 1500-talet. Paraguay blei sjølvstendig republikk i 1811. I si historie som nasjonalstat har landet vore prega av autoritære styre og periodar med høg grad av politisk ustabilitet og uro. Ein demokratiseringsprosess ble innleia i 1989, men dei demokratiske institusjonane er framleis skjøre. Sjølv om Paraguay har vore eit av dei landa i Sør-Amerika med sterkast økonomisk vekst dei siste åra, har ikkje den nye velstanden kome befolkninga til gode. Landet slit med korrupsjon, fattigdom og høg arbeidsløyse. Likevel blei paraguayanarane kåra til den lykkelegaste befolkninga i verda i ei undersøking utført av FN i 2015.

Paraguay sin nasjonalsong er Paraguayos, República o muerte! ('Paraguayanere, republikken eller døden!').

Geografi og miljø

Paraguay (plasseringskart)

Paraguay

Av /KF-arkiv ※.

Paraguay har eit landareal som er noko større enn Noreg. Den nord-sørgåande Paraguay-elva deler naturleg landet i to geografiske hovudregionar med ulik topografi og geologi. Oriental-regionen i aust (også kalt Paraneña-regionen) består av kupert terreng med fruktbart jordbruksland og skog. I den vestlege Occidental-regionen (også kalt Gran Chaco) ligg det tynt befolka området El Chaco, som er eit ugjestmildt slettelandskap med ei blanding av sumpområde, krattjungel og semi-ørken.

Klima i Paraguay går frå subtropisk til tropisk, og har ein våt og ein tørr sesong. Nedbørsmengdene varierer kraftig ulike stader i landet, med mest regn i den austlege Oriental-regionen. Det siste tiåret har Paraguay fått merke klimaendringane i verda, med ei auke i periodar med kraftig regnfall og store og øydeleggande flaumar.

Plantelivet i Paraguay varierer stort mellom dei to hovudregionane i landet. Dyrelivet i Paraguay er rikt. Landet har rundt 650 fugleartar, ulike reptilar og ein rik fiskefauna i elvene.

Folk og samfunn

Mennonittar (2012)
Mennonittiske jenter på vegen ved Nueva Durango, San Pedro, Paraguay. Mennonittane migrerte til Paraguay frå Mexico og Canada fra omkring 1926. Dei er blant landets største produsentar av meierivarer.
Asunción (2018)
Asunción, Paraguays hovudstad og største by, ligg ved elva Paraguay.
Av /Shutterstock.

Folketalet var i 2023 i overkant av 6,8 millioner. Hovuddelen av befolkninga bur i den sørlege delen av landet. Paraguay har ein ung befolkning med ein gjennomsnittsalder på 31,8 år (2024). Forventa levealder ved fødsel er 81,6 år for kvinner og 76,2 år for menn (2024).

95 prosent av befolkninga i Paraguay er av blanda spansk og guaraní avstamming. Både spansk og guaraní er offisielle språk. Den dominerande religionen i Paraguay er kristendom; 94,1 prosent er kristne. Katolikkar utgjer 80,4 prosent, protestantar 7,0 prosent og andre kristne 6,7 prosent (2023).

Befolkningstettleiken er låg, og busetnadsmønsteret særs ujamnt. Mesteparten bur i Oriental-region av landet, nær hovudstaden Asunción. Occidental-regionen, som utgjer 60 prosent av territoriet, er bustad for mindre enn to prosent av befolkninga. I eit historisk perspektiv har Paraguay hatt den lågaste urbaniseringsgraden blant dei latinamerikanske landa. Urbaniseringsgraden var på 63,1 prosent i 2023.

Stat og politikk

Mario Abdo Benítez
Mario Abdo Benítez blei president i Paraguay 15. august 2018.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Paraguay er ein konstitusjonell republikk. Landet fekk ny grunnlov i 1992 som skulle sikre demokratisk maktfordeling og sivile rettar. Presidenten er både statsoverhovud og regjeringsoverhovud med den utøvende makta. Presidenten blir vald for fem år av gongen, og kan ikkje veljast på ny. Paraguay har eit fleirpartisystem, og dei tradisjonelt største politiske partia i landet er Coloradopartiet (ANR) og Dei liberale (PLRA).

Ved presidentvalet 21. april 2013 blei Coloradopartiet sin kandidat Horacio Cartes vald som ny president. Hans partifelle Mario Abdo Benítez vann valet i 2018.

Det paraguayanske forsvaret består av hæren, marinen og flyvåpenet. Paraguay sine internasjonale relasjoner har historisk sett vore nært knytte til USA.

Historie

Heimlause under trippelalliansekrigen (1867)
Trippelalliansekrigen var ein krig mellom Paraguay og alliansemaktene Brasil, Argentina og Uruguay i perioden 1864/1865–1870. Krigen er rekna som den blodigaste konflikten i søramerikansk historie, og medførte store menneskelege og økonomiske tap.
Alfredo Stroessner regjerte som diktator i Paraguay i perioden 1954–1989.
.
Lisens: fri

Opphavleg var guaranítalende folk utbreidd over eit stort område med sentrum omkring Paraná med bielver i Paraguay. Området blei spansk koloni i 1537, då hovudstaden Asunción blei etablert. Paraguay erklærte seg som sjølvstendig nasjonalstat i 1811. Landet blei utover 1800-talet styrt av autoritære leiarar. Den første var José Gaspar Rodríguez de Francia, som omforma Paraguay til ein sjølvforsynt nasjon isolert frå omverda.

Trippelalliansekrigen (1865–1870) resulterte imidlertid i katastrofale økonomiske og sosiale konsekvensar for landet. Første halvdel av 1900-talet var prega av politisk uro med hyppige maktskifte og Chaco-krigen (1932–1935).

General Alfredo Stroessner tok makta ved statskupp i 1954, og styrte landet med jernhand fram til han blei avsett i 1989. Hendinga markerte ein overgang frå det som då var Latin-Amerika sitt eldste militærdiktatur til innføringa av demokratiske reformer. Tiåra etter har vore karakteriserte av høg politisk ustabilitet i eit framleis skjørt demokrati.

Økonomi og næringsliv

Paraguays bruttonasjonalprodukt (BNP) var i 2023 på 42,96 milliardar amerikanske dollar (USD). Berre fem land i Sør-Amerika hadde i 2023 eit lågere BNP per innbyggjar enn Paraguay, som er eit av dei fattigaste landa i denne verdsdelen. Arbeidsløysa er på 6,1 prosent (2024) og inflasjonen på 4,6 prosent (2023). 24,7 prosent av innbyggjarane lever i fattigdom (2022).

Paraguay er eit utviklingsland med ein marknadsøkonomi karakterisert av ein stor uformell sektor. Jordbruk, småskalaindustri og handel er hovudnæringsvegar, der tenesteyting per 2023 utgjorde den største sektoren med 49 prosent av BNP.

Landets eksport var i 2023 på 18,712 milliardar USD, medan importen var på 17,904 milliardar USD. Med dette hadde Paraguay eit mindre overskot i handelsbalansen. Jordbruksvarer står for om lag 65 prosent av landet sine eksportinntekter, hovudsakeleg soya, kjøt, mais og korn (2023). Økonomien er særs sårbar for svingningar i landbruksproduksjonen og prisar på den internasjonale marknaden. Eit viktig eksportprodukt er elektrisk kraft. Dei tre største eksportmarknadene er Argentina, Brasil og Chile (2023).

Paraguay har slutta seg til det latinamerikanske frihandelssamarbeidet MERCOSUR.

Kunnskap og kultur

Takuapu (2021)
Urfolkskvinner spelar på takuapu, hule bambusrør som slippes rytmisk mot bakken, under ein protest for urfolks rettigheitar i Asunción i oktober 2021. Urfolket kjempar for å bli buande på dei tradisjonelle landområda sine.

Paraguay si kulturhistorie har element av både spansk og guarani kultur og tradisjon, uttrykt gjennom handverk, kunst, litteratur, musikk, mattradisjonar og ulike lokale skikkar.

Paraguay fekk seint sin eigen litteratur på grunn av urolege politiske tilhøve, og forteljarkunsten i landet kan først seiast å ha nådd eit høgare nivå med Gabriel Casaccia (1907–1980) og Nobelpris-nominerte Augusto Roa Bastos etter andre verdskrig. Paraguay har lange tradisjonar for teater.

Paraguayanske massemedium var under Stroessner-regimet underlagt streng sensur. Frå 1989 har landet hatt pressefridom, sjølv om denne retten i praksis framleis ikkje alltid blir respektert. På Reportere utan grenser sin World Press Freedom Index ligg Paraguay på ein 100. plass (2021). All presse er spanskspråkleg, det finst ikkje aviser på guaraní. Kringkastingsverksemda skjer både på spansk og guaraní. Dei siste åra har uavhengige, politiske internettaviser og bloggar blitt viktige alternativ til den tradisjonelle papirpressa.

Historisk sett har utdanningssystemet i Paraguay vore neglisjert, men har etter at demokratiseringsprosessen tok til, gjennomgått store endringar.

Paraguay og Noreg

Den bilaterale politiske og handelsmessige kontakten mellom Paraguay og Noreg er sterkt avgrensa. Den norske ambassaden i Buenos Aires er sideakkreditert i Asunción, der det er eit honorært norsk generalkonsulat. Paraguay har heller ikkje ambassade i Noreg. Den næraste er å finne i Stockholm, med sideakkreditering til Oslo.

Norad ga ikkje utviklingsbistand til Paraguay i 2023.

Noreg importerte varer frå Paraguay til ein verdi av 1,1 millionar norske kronar (NOK) i 2024. Eksporten frå Noreg til Paraguay var på 1,7 millionar NOK i 2024. Elkem ASA har ei bedrift (Elkem Silicon Products Limpio) i nærleiken av Ascuión for produksjon av ferrosilisium. Fresco Norway S.A. driv ein plantasje i Paraguay, der det blir produsert makadamianøtter, soya, sorghum og kjøt.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (2)

skreiv Mathilde Viken Røe

Hei! Bildet som benyttes for å vise Saltos del Monday er ikke av Saltos del Monday. Det er et bilde av Iguazúfallene som ligger mellom Brasil og Argentina, nær grensen til Paraguay.

svarte Kjersti Kanestrøm Lie

Takk for observant tilbakemelding, jeg har nå fjernet bildet. Mvh. Kjersti

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: http://snl.no/Paraguay

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy