Kalium- og natriumsalt var kjende og i bruk frå oldtida. Dei gjekk under ulike namn, og då dei hadde liknande kjemiske eigenskapar, skilde ein ikkje mellom dei, sjølv om dei kom frå ulike kjelder.
Den tyske kjemikaren Martin Heinrich Klaproth var den første som hevda at karbonata av natrium og kalium var ulike. Han kalla stoffet frå planteriket kali og stoffa frå mineralriket natron.
I 1807 framstilte den britiske kjemikaren Humphry Davy eit metall ved elektrolyse av kaustisk pottoske. Med få dagars mellomrom greidde han å isolere metalla kalium og natrium. Kalium blei danna av smelta kaliumhydroksid. Han kalla grunnstoffet potassium.Ved å bruke den same metoden klarte han nokre dagar seinare å danne natrium frå smelta kaustisk soda (natriumhydroksid). Han hevda at det var eit grunnstoff som han kalla potassium.
Då den tyske kjemikaren Ludwig Wilhelm Gilbert (1769–1824) omtalte Davys oppdaging, kalla han grunnstoffet kalium, frå Klaproths kali.
Då den svenske kjemikaren Jöns Jacob Berzelius i 1813 foreslo kjemiske symbol for grunnstoffa, kalla han først kalium for Po, etter potassium, men han bytte symbolet til K for kalium året etter.
Kommentarar (2)
skreiv Inga Baadshaug Eide
Er masseprosenten av jordskorpa (1,7) korrekt? De fleste kildene heg finner på nettet oppgir 2,6.
svarte Anne Eilertsen
Hei, og takk for kommentaren! Flere kilder, blant annet Royal Society of Chemistry og livescience.com oppgir andelen til 2,4 prosent, så vi har nå endret til det.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.