Berggrunnen i heile kommunen høyrer til grunnfjellet, hovudsakleg ulike typar granitt, men også noko gneis. Gneisen opptrer særleg i tre område: i Tovdal nordvest i kommunen, i eit område lengst aust i kommunen, aust for Åmli tettstad, og dessutan på vestsida av sjøen Nelaug lengst sør i kommunen.
Kommunen har store heiområde som stort sett ligg under skoggrensa (700–800 meter over havet). Høgast når Trongedalsnuten (929 meter over havet) på Storrfjellet nord i kommunen, mellom Tovdal og Gjøvdal. Nordover i kommunen strekk Austheiene seg, eit mykje besøkt hei- og fjellområde med mange merka fotturruter og turisthyttene Skarsvassbu og Grunnetjørnsbu.
Dei viktigaste dalføra går i nordre del av kommunen mot søraust. Sør for Åmli tettstad og Nelaug bøyer dalane av mot sørvest. Nidelva (med tilløpet Gjøv) munnar ut i Arendal, Tovdalselva i Topdalsfjorden aust for Kristiansand. I øvre del av Tovdalselva ligg den flotte Rjukanfossen nord for Dale.
Landskapet er dominert av skog (78 prosent av totalarealet). Ni prosent av arealet ligg over skoggrensa. Den dyrka jorda er svært beskjeden, som elles i dei indre bygdene i fylket og utgjer berre ein prosent av totalarealet.
Kommunen har 21 naturvernområder. Dei største er alle oppretta for å verne skog:
- Urdvatn og Kallingsheii naturreservat, skogvern 34 101,5 dekar, verna 2019
- Årdalen naturreservat, skogvern, 21 260,6 dekar, verna i 1993
- Rukkevatn naturreservat, skogvern, 19444,1 dekar, verna 1993
- Skjeggedalsheii naturreservat, skogvern, 27 795, 3 dekar, verna 2020
- Vardeheia naturreservat, skogvern, 20 495,2 dekar, verna 2017
- Vereknutane naturreservat, skogvern, 17 504,4 dekar, verna 2007
I tillegg har kommunen to naturvernområder som er oppretta for å ta vare på myr:
- Furubuheii naturreservat, verneplan for myr, 1 890.8 dekar, verna 1986
- Reismyr naturreservat, verneplan for myr, 1 143,9 dekar, verna 2017
Kommentarar (1)
skreiv Halvard Skårdal
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.