Content-Length: 39064 | pFad | https://snl.no/Deutsche_Mark

Deutsche Mark – Store norske leksikon
Deutsche Mark
Av .
Lisens: CC BY ND 2.0

Deutsche Mark var den tidlegare mynteininga i Tyskland, fram til innføringa av euro i 2002. På norsk var namnet tyske mark.

Faktaboks

Uttale

dåitʃə –

Også kjend som

DM, DEM

1 Deutsche Mark bestod av 100 Pfennige, hadde symbolet DM og internasjonal valutakode DEM.

Historie

Deutsche Mark vart mynteining i Tyskland etter valutareforma i juni 1948, men var i tida 1964–1990 berre mynteining i Vest-Tyskland (BRD). Aust-Tyskland (DDR) hadde i denne perioden ei eiga mynteining kalla Mark der deutschen Notenbank fram til 1967, og deretter Mark der DDR.

Ved innføring av økonomisk union mellom dei to tyske statane 1. juli 1990 vart Deutsche Mark igjen innført i aust. Deutsche Mark vart deretter avløyst av euro då eurosamarbeidet vart oppretta i 2002.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://snl.no/Deutsche_Mark

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy