Granvin var ein kommune i tidlegare Hordaland fylke. Den vart i 2020 slått saman med Voss kommune, og vart samtidig ein del av Vestland fylke. Samanslåinga var ein del av ei landsomfattande kommunereform.
Granvin kommune låg i Hardanger, og omfatta begge sider av den tronge, ti kilometer lange Granvinsfjorden, ein nordgåande arm av Hardangerfjorden, med dalen innanfor og fjelltraktene omkring. Kommunen grensa til Kvam i sørvest, til Voss i vest og nord, til Ulvik i aust og til Ullensvang i Hardangerfjorden i sør.
Ved innføringa av det lokale sjølvstyret i 1837 bestod Granvin òg av dei seinare kommunane Ulvik og Eidfjord. Kommunen skifta i 1859 namn til Ulvik, og i 1891 vart Granvin skilt ut frå denne. Den nye kommunen fekk namnet Graven, men namnet vart endra til Granvin i 1898. Granvin endra grenser i 1964, då området Lussand/Kvanndal, utanfor Granvinsfjordens munning, vart overført frå dåverande Kinsarvik kommune.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.