Content-Length: 46791 | pFad | https://snl.no/Thomas_Luraas

Thomas Luraas – rosemålar – Store norske leksikon

Faktaboks

Thomas Luraas

Thomas Øysteinson Luraas

Thomas Lurås

Fødd
1799, Mellom-Luraas, Tinn, Telemark
Død
1866, Mellom-Luraas, Tinn, Telemark
Verke
Rosemålar
Familie

Foreldre: Bonde Øystein Gunnulfson Ingulvsland (1757–1804) og Birgit Knutsdotter Mellomgarden Luraas (1761–1833).

Gift 31.10.1827 med jordmor Anna Olavsdotter Maarheim (f. 1803), dotter til bonde Olav Maarheim.

Bror til Knut Luraas (1782–1843).

Kiste
Kiste med rosemåla dekor, utført av Thomas Luraas i Hardanger i 1857.

Thomas Luraas var rosemålar frå Tinn i Telemark. Luraas måla både heile interiør og mindre arbeid som kister og skåp, og er rekna som ein av dei fremste rosemålarane i si tid.

Bakgrunn

Luraas voks opp på Mellomgarden Luraas i Tinn i eit miljø med mange rosemålarar. To eldre brør, Knut og Øystein, vart også kjende rosemålarar. Alle tre gjekk i lære hos ein granne og slektning, Knut Skorberg. Thomas og broren Knut var dessutan svært dyktige musikarar – Thomas på klarinett og Knut på hardingfele.

Livet på flukt

Thomas Luraas kom tidleg ut på vandring, mellom anna til Bergen. Her kom han på kant med lova, både på grunn av tjuveri og for å ha gjort falske pengesetlar. Han vart arrestert, men kom seg unna. Seinare vart han tatt på Sørvestlandet, men greidde på ny å rømme. Han tok då vegen nordover kysten til Sogn og seinare Romsdalen, der han levde som fredlaus under falskt namn. Til slutt kom han til Trøndelag og Røros. Her må han ha blitt påverka av bytradisjonen i dekorasjonsmålinga, med sterke figurative innslag. I Trøndelag var han fleire år for å sleppe unna straffa som venta han. Ved hjelp av mora fekk han lovnad om å sleppe straff mot at han melde seg til militærteneste.

Luraas kom heim att til Tinn i 1825 og gifta seg i 1827. Han kjøpte så bruket Haugen under garden Apalen. Men han greidde ikkje halde på dette bruket og budde seinare på plassen Moen under garden Maurud i små kår.

Målarkunsten

I åra som fylgde, reiste Luraas rundt i bygdene på måling. Frå slutten av 1820-åra var han på årvisse målarferder til Hardanger og Midhordland, og elles var han rundt i dei fleste bygdene i Telemark. Han måla også i Hallingdal og truleg i Numedal.

Med den sikre forma si, prega av sentrale C-ornament omkransa av ein rikt detaljert flora, og sansen for sterke, men vel avstemde fargar, nådde Luraas svært høgt når det gjeld rosemåling. Han utmerka seg i dei større arbeida sine med eit spontant og fint utført figurmåleri, ofte med motiv frå ei aristokratisk verd. Interiørkunsten hans fekk på denne måten ein fin variasjon mellom den abstrakte framstillinga i rosa og den konkrete framstillinga i biletfeltet.

Luraas måla mykje i Rauland og Vinje i åra 1837–1843. Det største arbeidet han gjorde i Vinje desse åra, var på Gunvaldjord i Haukeli i 1840. Eit anna stort interiørarbeid gjorde han på Lønnedalen i Tuddal i 1849. Same året måla han også ei innreiing på Einung i Vestfjorddalen.

I eldre år hadde han med seg eldste sonen sin, Øystein Luraas, som også etter kvart fekk eit namn som rosemålar, då han reiste rundt på målararbeid i bygdene. Også dei to yngre sønene, Ola og Johannes Luraas, var rosemålarar.

Utanom dei større innreiingsarbeida gjorde Luraas også mindre arbeid, som kister, kubbestolar og skåp, som han både snikra og skar ut. Han måla kister og skåp fram til rundt 1880. På sine eldre dagar skalv han mykje på handa og hadde vanskelegare for å måle. Han heldt likevel fram med måling til han døydde i 1886.

Verk i utval

  • Svalastog, Tinn (interiør), 1825
  • Suigard Juvland, Rauland i Vinje (interiør), 1832
  • Gunvaldjord, Haukeli i Vinje (interiør), 1840
  • Lønndalen, Tuddal i Hjartdal (interiør), 1849
  • Einung, Vestfjorddalen i Tinn (innreiing), 1849

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ø. Vesaas: Rosemaaling i Telemark, bd. 3, 1957
  • H. O. Waaraas: biografi i Norsk kunstnerleksikon 1, bd. 2, 1983
  • N. Ellingsgard: Norsk rosemåling, 1999

Faktaboks

Thomas Luraas

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://snl.no/Thomas_Luraas

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy