Tysnes er ei norsk lokalavis i Tysnes som har kontor på Våge, men vert trykt i bladet Sunnhordland. Avisa kjem ut på papir ein gong i veka og som dagleg oppdatert nettavis. Tysnes er eigd av Bladet Tysnes AS der abonnentane sjølv utgjer hovudgruppa. Tysnes er ei av avisene i Noreg som har størst opplagstal i høve til husstandar. Om lag halvparten av papiropplaget går til husstandar utanfor kommunen. Avisa er medlem av Landslaget for lokalaviser.
Tysnes (avis)
Faktaboks
- Offisielt namn
- BLADET TYSNES AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Tysnes
- Dagleg leiar
- Randi Christine Kleppe
- Styreleiar
- Elisabeth Seim

Digitalt
Tysnes publiser på ulike digitale flater, og nyttar betalingsmur for ikkje-abonnentar som vil lese artiklar på nettet.
Historie
Det var ein varsam start for avisa Tysnes som kom ut første gong i 1953, men som etter kvart har fått ein sterk posisjon i lokalsamfunnet.
Tysnes var ei av dei store utvandringsbygdene i tidlegare Hordaland, der mange busette seg i Midtvesten i USA. Dette prega bladet Tysnes. Ein av initiativtakarane var Nils Haaland, som hadde fått ideen til avisa i løpet av si tid i Amerika. Avisa skulle vere eit bindeledd mellom heimkommunen og dei som drog til Amerika.
To år tidlegare hadde nabokommunen Kvinnherad fått eiga lokalavis, Grenda, som kom ut i Rosendal, og som hadde eige prenteverk. Dette inspirerte folk på Tysnes, som i mai 1953 sende ut innbyding til eit møte der ein skulle drøfte avisspørsmålet. 21 sa seg interesserte alt på dette møtet, og med trykking i Rosendal kom det første nummeret av avisa Tysnes ut 4. juli same året.
I den første tida skulle avisa kome ut med to nummer i månaden, og årspengane skulle vere 10 kroner. Det var også semje om utgivaren skulle vere eit bladlag, sidan stiftarane meinte det var for vanskeleg å skipe eit lutlag for oppgåva. Tysnes fekk ein eineståande posisjon som feriestad etter 1960, med meir enn 1400 fritidshus på Tysnes, ein stor del bygde av bergensarar. Hyttefolket i øykommunen gir dermed eit fint tilskot til opplaget.
Bonde, forfattar, lokalpolitikar og kulturarbeidar Johannes Heggland var med frå starten og teikna logoen til avisa. Det var han som skreiv referatet frå det første avismøtet, og sidan skreiv han mykje for Tysnes. Ole Skaten kom til avisa som den første heildags tilsette i 1979, då den dugnadsdrivne avisa gjekk over frå éi utgåve annakvar veke til å bli ei vekeavis. Skaten arbeidde seinare nokre år som typograf i avisa Sunnhordland, før han i 1986 vart redaktør i Tysnes.
Opplag
Opplagstal for Tysnes, 1986-2023
tidspunkt | |
---|---|
1986 | 1948 |
1988 | 2104 |
1990 | 2080 |
1991 | 2080 |
1992 | 2080 |
1993 | 2258 |
1994 | 2291 |
1995 | 2304 |
1996 | 2272 |
1997 | 2346 |
1998 | 2372 |
1999 | 2392 |
2000 | 2359 |
2001 | 2364 |
2002 | 2363 |
2003 | 2377 |
2004 | 2408 |
2005 | 2412 |
2006 | 2445 |
2007 | 2475 |
2008 | 2511 |
2009 | 2446 |
2010 | 2456 |
2011 | 2419 |
2012 | 2344 |
2013 | 2365 |
2014 | 2323 |
2015 | 2259 |
2016 | 2198 |
2017 | 2175 |
2018 | 2164 |
2019 | 2138 |
2020 | 2125 |
2021 | 2118 |
2022 | 2087 |
2023 | 2033 |
År | Opplag |
---|---|
1986 | 1948 |
1992 | 2258 |
2008 | 2511 |
2018 | 2164 |
2019 | 2138 |
2020 | 2125 |
2021 | 2118 |
2022 | 2087 |
2023 | 2033 |
Opplagstala til og med 2015 gjeld berre papirutgåva. Frå 2020 reknar ein opplagstala for digitalt abonnement og papirabonnement i andre halvår, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.
Fakta
- Første nummer 4. juli 1953
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.