Content-Length: 57817 | pFad | https://snl.no/kongo_-_kikongo

kongo – kikongo – Store norske leksikon

Faktaboks

Språkkodar
kg, kon (KG, KON)
ISO-639:3
kon

Kongo, kikongo, er eit bantuspråk som er førstespråket til over 7 millionar menneske i dei sørvestlege delane av de to Kongo-statane og i det nordlege Angola. Det blir brukt som lingua franca og er andrespråket til 7 millionar menneske. Endonymet er kikongo.

Språket varierer så sterkt dialektalt at kongo kan kallast ei språkgruppe eller ein samnemnar for ei rekkje til dels sterkt avvikande dialektar eller språk. Oppslagsverket Ethnologue nemner desse:

  • Angola – kikongo (2 780 000 talarar)
  • Republikken Kongo – beembe (100 000 talarar), doondo (30 000 talarar), kaamba (51 400 talarar), vili (13 000 talarar), kunyi (137 000 talarar), suundi (227 300 talarar) og laari (159 000 talarar)
  • Den demokratiske republikken Kongo – kiyombe (734 400 talarar) og koongo (3 millionar talarar)

Kongo og kituba

Den geografiske utbreiinga til kongo og kituba.
Den geografiske utbreiinga til kongo (mørkegult) og kituba (lysegult).
Av .
Lisens: Wikipedia Commons

Kongo blir ofte forveksla med kituba, eit kongo-basert kreolspråk med 11,6 millionar førstespråkstalarar og 800 000 andrespråkstalarar i Den demokratiske republikken Kongo (Kongo-Kinshasa) og Republikken Kongo (Kongo-Brazzaville). I Den demokratiske republikken Kongo blir kituba også kalla kikongo og kikongo ya leta 'statskongo'.

Klassifisering

Kongo høyrer heime i den sentrale gruppa av bantuspråka. Bantuspråka er ei undergruppe av benue-kongospråka, som er ei grein av språkfamilien niger-kongospråk.

Struktur

Fonologi

Konsonantane i kongo
Konsonantane i kongo. Fonem står mellom skråstrekar, allofonar mellom hakeparentesar og ortografi i feite typar. Dei som står i parentes, (…), finst berre etter nasal.
Konsonantane i kongo
Lisens: CC BY SA 3.0

Stavinga i kongo er alltid open, det vil seie at ho sluttar på ein vokal, som i denne setninga, der punktum markerer stavingsgrense:

  • ke twa.mo.na mwa.na ko
  • 'vi såg ikkje ungen'

Som dei fleste andre språk sønnanfor Sahara er kongo eit tonespråk, som skil mellom ein høg tone (´) og ein låg tone ( ̀). Tonane blir ikkje noterte ortografisk:

  • /wá.kà.à.nɡà/ wakanga 'ho/han steikte'
  • /wà.ká.à.nɡà/ wakanga 'ho/han hindra'

Språket har dei fem korte vokalane /i e a o u/ og dei lange /iː eː aː oː uː/, som ikkje er skilde i ortografien, der både dei korte og dei lange blir skrivne i e a o u.

Kongo har dei 16 konsonantfonema i Tabell 1; jamfør Carter (1970). Alle – bortsett frå halvvokalane /w j/ – kan følgjast av ein halvvokal, jamfør twamona 'vi såg' og mwana 'unge' i eksempelet ovanfor. Framfor alle konsonantane kan det stå ein homorgan nasal, det vil seie ein nasal med den same artikulasjonsstaden som den følgjande konsonanten, som /nɡ/ [ŋɡ] i wakanga i eksempla ovanfor. Carter (1970) og Carter & Makoondekwa (1987) skil mellom veike og sterke konsonantar i kongo. Dei sterke eller styrkte (engelsk reinforced) konsonantane, som blir uttala noko lengre og kraftigare enn dei veike, skriv dei med dobling av bokstaven; skilje er ikkje notert ortografrisk:

  • /se/ se '(han er ein) far'
  • /sse/ sse '(det er ein) farge'

Morfologi

Som andre bantuspråk har kongo eit stort genussystem. Det finst ti genus, med eigne prefiks i eintal og fleirtal. Determinativ, pronomen, possessiv, talord og verb kongruerer med substantivet i genus og tal, som vist i denne setninga, der substantivet mwana står i eintal i person-genuset. Determinativet har ei form som viser at det har same genus og tal, og verbet har subjektprefikset u- for det same talet og genuset:

substantiv determinativ verb
mwana wau usumba nkanda
barn dette kjøper bok
'dette barnet kjøper ei bok'

Syntaks

Kongo har leddstillinga subjekt (S) + verbal (V) + objekt (O), som vist i denne setninga:

subjekt verbal objekt adverbial
bakento batekanga bitiba kwa babakala bankaka
kvinner sel bananar til menn nokre
'Kvinnene sel bananar til nokre menn'

Som uttrykket babakala bankaku 'nokre menn', ord for ord «menn nokre» viser, står substantivet først i ein nomenfrase, følgt av attributtar.

Historie

Regulae quaedam pro difficillimi congensium idiomatis faciliori captu ad grammaticae normam redactae
I 1659 gav den italienske kapusinarmunken Hyacinthus Brusciottus (Giacinto Brugiotti) (1601–1659) ut ein kongogrammatikk, Dette var den første ordboka og grammatikken nokon for eit bantuspråk.

Kongo var språket i kongedømet Kongo, som var ein sjølvstendig stat frå kring 1390 og til 1862, då landet blei okkupert av Portugal. Kongane i Kongo-riket aksepterte kristendomen på slutten av 1400-talet, og i dei komande 200 åra var det nesten alltid kristne misjonærar og prestar i hovudstaden Mbanza Kongo, portugisisk São Salvador. I afrikansk samanheng blei kongo veldig tidleg tatt i bruk som skriftspråk. Tidleg på 1600-talet laga jesuittiske misjonærar ei katekisme på kongo – Doutrina Christaã – som blei utgitt i Lisboa i 1624. Dette var den første boka på eit bantuspråk; jamfør Bontinck & Nsasi (1978) i litteraturlista.

Den italienske kapusinarmunken Bonaventura de Sardegna (1600–1649) laga ei ordbok kongo–latinspansk, som blei utgitt eit par år etter at han døydde. I 1659 gav den italienske kapusinarmunken Hyacinthus Brusciottus (Giacinto Brugiotti) (1601–1659) ut ein kongogrammatikk (sjå litteraturlista). Dette var den første ordboka og grammatikken nokon for eit bantuspråk.

Standardiseringa av kongo som skriftspråk skjedde frå 1880-talet og eit stykke inn på 1900-talet, i eit samarbeid mellom i første rekkje britiske og svenske misjonærar og evangelistar med kongo som førstespråk; jamfør Bentley (1887), Laman (1899, 1936) og Söderberg & Widman (1978) i litteraturlista.

I Angola er portugisisk offisielt språk og i dei to Kongo-statane er fransk offisielt. Det blir undervist i kongo på lærarskulen i Luanda (hovudstaden i Angola), og språket er de facto nasjonalspråk i Angola.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bentley, William Holman 1887. Dictionary and grammar of the Kongo language as spoken at San Salvador, the ancient capital of the old Kongo Empire. Baptist Missionary Society, The University of Michigan.
  • Bontinck, François avec collaboration de D. Ndembe Nsasi 1978. Le cathéchisme kikongo de 1624. Réédition critique. Brussel: Académie royale des Sciences d'Outre-Mer.
  • Carter, Hazel 1970. Consonant reinforcement and Kongo morphology. African Language Studies 11: 113–46.
  • Carter, Hazel & João Makoondekwa 1987. Kongo language course: Maloongi Makikoongo. A course in the dialect of Zoombo, Northern Angola. University of Wisconsin–Madison: African Studies Program.
  • Daeleman, Jan & A. E. Meeussen 1983. The tonology of the noun in Kongo (Ntandu). Africana Linguistica 9(1):137-148.
  • Hyacinthus Brusciottus 1659. Regulae quaedam pro difficillimi Congensium idiomatis faciliori captu ad grammaticae normam redactae. Romae: Typis Sacrae Congregationis de Propoganda Fide.
  • Laman, Karl Edvard 1899. Nkanda wabilekwa bianza uzayulwanga mpangulu ye nkadulu au, Svenska missionsförbundet, S.M.S., Matadi.
  • Laman, Karl Edvard 1936. Dictionnaire kikongo-français, avec une étude phonétique décrivant les dialectes les plus importants de la langue dite Kikongo. Bruxelles: Librairie Falk fils.
  • Söderberg, Bertil & Ragnar Widman 1966. Kikongo. (Nordiska afrikainstitutets språkhandböcker 2.) Stockholm: Svenska bokförlaget.
  • Söderberg, Bertil & Ragnar Widman 1978. Publications en kikongo. Bibliographie relative aux contributions suédoises entre 1885 et 1970. Uppsala: L'institut scandinave d'études africaines. Stockholm: Le musée ethnographique.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://snl.no/kongo_-_kikongo

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy