Content-Length: 61957 | pFad | https://snl.no/niger-kongospr%C3%A5k

niger-kongospråk – Store norske leksikon

Faktaboks

Norsk namn
niger-kongospråk
Engelsk namn
Niger-Congo languages
Også kjend som

niger-kordofanske språk

Etymologi

Namnet er sett saman av to afrikanske elvenamn, Niger i Vest-Afrika og Kongo i Sentral-Afrika. Niger kjem av tamasjek egrew n-igǝrwan 'elvanes elv', medan Kongo-elva har namnet sitt etter kongo-folket.

Uttale

niger-kångo-språk

Niger-kongospråk, eller niger-kordofanske språk, er ein – til dels hypotetisk – språkfamilie i Afrika som omfattar over 1500 ulike språk som i hovudsak blir snakka i eit område frå Senegal og Kenya i nord til Namibia og Sør-Afrika i sør.

Den største undergruppa er bantuspråka, mellom anna swahili, kongo, luba, rwanda, rundi, ganda, kikuyu, bemba, shona, nyanja, tswana, herero, ndonga, xhosa og zulu. Andre kjende niger-kongospråk er dei vestafrikanske fulfulde (pulaar), wolof, mandinka, bambara, dogon, akan, ewe, joruba og igbo.

Språkfamilien blir rekna som verdas største rekna etter talet på språk, og den tredje største etter kor mange som snakkar språk som høyrer til familien. Rundt 700 millionar snakkar eit niger-kongospråk. Men statusen til niger-kongospråka som ein språkfamilie er langt frå etablert og han kan ikkje på noko vis samanliknast med veletablerte språkfamiliar som indoeuropeisk eller uralsk. Sjå avsnittet Problem med klassifiseringa.

Typiske drag ved niger-kongospråka

Det er store skilnader på niger-kongospråka, i både fonologi, morfologi og syntaks.

Fonologi

Fonologisk er det ein sterk tendens til at ei staving ikkje kan begynne med meir enn éin konsonant, her illustrert med ei setning som tydet 'Eg elskar deg' på nokre niger-kongospråk:

  • swahili: nakupenda
  • shona: ndinokuda
  • tswana: ke a go rata
  • fulfulde: mi yiɗi ma
  • ewe: melɔ̃ wò

Dei fleste niger-kongospråk har prenasalerte konsonantar, av typen mb, nd, ŋg, , nz, det vil seie enkeltkonsonantar som begynner som ein nasal og sluttar som ein plosiv, affrikat eller frikativ. Dette inneber til dømes at nd fremst i shona ndinokuda 'eg elskar deg' er éin konsonant. I nokre bantuspråk, som swahili, finst det syllabiske nasalar, som oppfører seg som ein konsonant pluss ein vokal, til dømes mtoto 'barn', som har tre stavingar – m.to.to. Med andre ord er ikkje mt her ei konsonantgruppe fremst i ei staving.

Morfologi

I alle greiner av niger-kongospråka med unnatak av mande (sjå avsnittet Klassifisering nedanfor) har dei fleste språka store genus-system, som regel med mellom 10 og 20 genus. Genusa er markerte med eigne affiks, eitt for eintal og eit for fleirtal. Bantuspråka har genus-prefiks, mens til dømes fulfulde har genus-suffiks, som vist i desse døma, der adjektivet følgjer substantivet, slik det er vanleg i niger-kongospråka (bindestrekane er lagde til for å vise strukturen i orda):

  • swahili
    • ki-su ki-dogo 'liten kniv'
    • vi-su vi-dogo 'små knivar'
    • m-toto m-dogo 'lite barn'
    • wa-toto wa-dogo 'små born'
  • fulfulde
    • laɓ-i pamar-i 'liten kniv'
    • laɓ-e pamar-e 'små knivar'
    • ɓiŋ-ŋgel pamar-el 'lite barn'
    • ɓik-kon pamar-on 'små born'

Nokre språk har mista genussystemet, men det finst alltid restar av det, oftast slik at dei opphavlege genus-markørane lever vidare som avleiingsaffiks.

Syntaks

Dei fleste niger-kongospråk har leddstillinga SVO (subjekt + verbal + objekt), med unnatak av mandespråka, der SOV dominerer.

Kasus finst ikkje i nokon niger-kongospråk. Informasjon om den syntaktiske funksjonen til eit setningsledd kjem fram ved ordstilling og/eller kongruens-markørar på verbet.

Nomenfrasen har overleddet først, følgt av ulike attributtar (adledd). Dette gjeld i både SVO- og SOV-språk.

Klassifisering

Den geografiske utbreiinga til niger-kongospråka.
.
Lisens: Wikiwand.com

Inndelinga av familien i undergrupper er sterkt omdiskutert og svært usikker. Her presenterer vi først klassifikasjonen som er nytta i oppslagsverket Ethnologue, som primært byggjer på klassifikasjonen som den britiske afrikanisten Kay Williamson (1935–2005) presenterte i ei rekkje artiklar mellom 1971 og 2000, til dels i samarbeid med den britiske språkforskaren Roger Blench (1953–); sjå Williamson & Blench (2000) i litteraturlista på slutten av denne artikkelen. Nokre av problema med denne klassifikasjonen er nemnde i avsnittet Problem med klassifiseringa.

Ethnologue reknar med tre hovudgreiner:

  1. atlantisk-kongo – 1452 språk
  2. kordofansk – 23 språk
  3. mande – 76 språk

Atlantisk-kongo er vidare delt i desse greinene:

  1. atlantisk – 62 språk
  2. ijoid – 10 språk
  3. volta-kongo – 1380 språk

Volta-kongo er delt i desse undergruppene:

  1. benue-kongo – 985 språk
  2. dogon – 19 språk
  3. kru – 40 språk
  4. kwa – 82 språk
  5. nord – 254 språk
    1. adamawa-ubangi – 157 språk
    2. gur – 97 språk

Benue-kongo er delt i desse undergruppene:

  1. akpes – 1 språk
  2. bantoid – 699 språk
  3. Cross River – 68 språk
  4. defoid – 17 språk
  5. edoid – 31 språk
  6. idomoid – 9 språk
  7. igboid – 10 språk
  8. jukunoid – 20 språk
  9. kainji – 58 språk
  10. nupoid – 11 språk
  11. oko – 1 språk
  12. platå – 58 språk
  13. ukaan – 1 språk
  14. uklassifisert – 1 språk

Bantoid er vidare delt inn slik:

  1. nordleg – 19 språk
  2. sørleg – 678 språk
    1. beboid – 10 språk
    2. ekoid – 8 språk
    3. jarawansk – 15 språk
    4. mamfe – 3 språk
    5. mbe – 1 språk
    6. bantu – 546 språk
      1. sentralbantu – 353 språk
      2. nordvestbantu – 193 språk
    7. ndemli – 1 språk
    8. tikar – 1 språk
    9. tivoid – 17 språk
    10. Wide Grassfields – 67 språk
    11. yemne-kimbi – 5 språk
    12. uklassifiserte – 4 språk

Problem med klassifiseringa

Den første fullstendige freistnaden på klassifisering av dei språka som blir rekna til familien niger-kongospråk, er presentert i artikkelen «Studies in African linguistic classification I: the Niger-Congo family» (1949) og i boka The languages of Africa (1963), begge skrivne av den amerikanske lingvisten Joseph Harold Greenberg (1915–2001). Greenberg systematiserte og forbetra tidlegare forsking, særleg arbeida til den tyske misjonæren og språkforskaren Diedrich Hermann Westermann (1875–1956); sjå Westermann (1911) og (1927) i litteraturlista. Hovudbidraget til Greenberg var likevel å plassere bantuspråka som ei undergruppe av greina benue-kongo, i staden for som ein sjølvstendig språkfamilie.

Klassifiseringa til Greenberg

Greenberg presenterte ei klassifisering der niger-kongospråka hadde seks hovudgreiner – her med dei engelske namna i parentes når dei skil seg frå dei norske:

  1. Vest-atlantisk (West Atlantic) [seinare kalla atlantisk (Atlantic)]
  2. Mande
  3. Gur
  4. Kwa
  5. Benue-kongo
  6. Adamawa-austleg (Adamawa-Eastern) [seinare kalla adamawa-ubangi]

Good (2020) peikar på at enno i dag er svært mange problem uløyste. Språka i greinene atlantisk, gur, kwa, benue-kongo og adamawa blir rekna som niger-kongospråk, men greinene har ein usikker status. Utgjer dei såkalla atlantiske språk éi eller fleire greiner av språkfamilien? Kvar går grensa mellom kwa og benue-kongo? Kvar går grensa mellom gur og adamawa? Er adamawa ei koherent gruppe? Vidare er det uklart om mande og ubangi i det heile kan reknast til niger-kongospråka.

Klassifiseringa til Kay Williamson

Klassifiseringa til Kay Williamson (og Ethnologue) har ein hierarkisk struktur som Greenberg manglar. Først opererer ho med ei tredeling i 1. atlantisk-kongo, 2. mande og 3. kordofansk, deretter ei tredeling av atlantisk-kongo i 1. atlantisk, 2. ijoid og 3. volta-kongo. Vidare er volta-kongo delt i dei fem greinene 1. benue-kongo, 2. dogon, 3. kru, 4. kwa og 5. nord. Så er benue-kongo delt i 13 eller 14 undergrupper og nord i to – og så vidare. Good (2020) har ein kritisk gjennomgang av denne klassifiseringa og skriv at det er uklart kva kriterium Williamson byggjer dette hierarkiet på. Truleg er hovudmetoden hennar leksikostatistikk, ein forskingsmetode som den amerikanske lingvisten Morris Swadesh (1909–19767) utvikla på 1950-talet og som dei fleste språkforskarar er sterkt kritiske til. Mellom mykje anna bør det nemnast at dei såkalla kordofanske språka truleg høyrer til niger-kongospråka, men det er usikkert om dei utgjer éi gruppe. Dessutan er det uklart om dei ijoide språka og dogon kan reknast som niger-kongospråk. Benue-kongo er heller ikkje ei uproblematisk gruppe. Som nemnt i avsnittet Klassifisering til Greenberg er grensa mellom benue-kongo og kwa uklar. Innanfor det som her er kalla benue-kongo er det også mange problem; mellom anna har ein ikkje funne noko kriterium som eintydig skil bantuspråka frå andre bantoide språk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://snl.no/niger-kongospr%C3%A5k

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy