Bambara er eit språk som høyrer til gruppa manding, som er ei grein av mandespråka, som igjen er ei av hovudgreinene i nigerkongo-familien. Bambara er førstespråket til kring 7 millionar, eller ein tredel av dei litt over 21 millionar innbyggjarane i Mali (estimert 2023), der ein reknar med at om lag 80 % av innbyggjarane kan snakke bambara i større eller mindre grad. Det finst mindre grupper som bruker bambara i Senegal, Niger, Mauritania, Gambia og Elfenbeinskysten.
Bambara og elleve andre språk er nasjonalspråk i Mali, der fransk er offisielt språk. Det er program på bambara både i radio og fjernsyn, og språket blir nytta i grunnskulen.
Endonymet for språket – det vil seie ordet for språket på språket sjølv – er bámanankan ‘bambara’, og den etniske gruppa heiter bámànán ‘bambara’. Landet heiter Mali, og nokre viktige maliske byar er Bamakɔ ‘Bamako’, Segu ‘Ségou’, Moti ‘Mopti’ og Tumutu ‘Timbuktu’.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.