Shona-rettskrivinga er historisk, ved at ho ikkje gjev att moderne uttale, men ein rekonstruert tidlegare uttale av språket, før skilnadene mellom dei moderne dialektane oppstod. Landsnamnet Zimbabwe blir ikkje uttala med nokon w [w] nest sist i ordet. I staden høyrer ein uttalemåtar som [zimbabge] og [zimbabɣe]. Izwi ‘ord’ blir uttala [izɡʷi] eller [izɣʷi].
Eit særdrag ved shona er konsonantane som blir skrivne sv og zv, som i svosve ‘maur’ og zvimwe ‘kanskje’. Dei blir uttala som ein ustemd (sv) og ein stemd (zv) plystrelyd med tungespissen opp mot gommen i overmunnen. Slike lydar er ikkje kjende frå nokon andre språk i verda.
Shona er eit tonespråk som skil mellom ein høg og ein låg tone, som ikkje er gjeve att i ortografien, men som ein noterer med høvesvis [´] og [`] over vokalane i den fonetiske transkripsjonen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.