Content-Length: 44643 | pFad | https://snl.no/wolof_-_spr%C3%A5k

wolof – språk – Store norske leksikon

Faktaboks

Språkkodar
wo, wol (WO, WOL)
ISO-639:3
wol

Wolof er eit språk som høyrer til den atlantiske greina av nigerkongo-språka. Wolof er førstespråket til nærmare 4 millionar menneske. Over 3,9 millionar av dei bur i Senegal og resten i Frankrike, Gambia, Guinea-Bissau, Mali og Mauritania.

Wolof er nasjonalspråk i Senegal, i tillegg til soninke, seereer, fulfulde, maninka og diola. Det offisielle språket i landet er fransk. Wolof fungerer som lingua franca mellom dei ulike folkeslaga i Senegal.

Wolof er endonymet for språket, den etniske gruppa som snakkar wolof, og ein person som høyrer til gruppa. Landet Senegal og hovudstaden Dakar heiter høvesvis Senegaal og Ndakaaru.

Språkfamilie

Wolof høyrer til den atlantiske greina av nigerkongo-språka, og ein reknar fulfulde og seereer som dei nærmaste slektningane.

Språkhistorie

Wolof-folket kom i kontakt med islam og arabisk språk på 1000-talet, og det arabiske alfabetet blei etter kvart også teke i bruk for å skrive wolof, utan at vi veit nøyaktig kva tid det skjedde. Wolof har ordet wolofal, som tyder 'tekst på wolof skriven i det arabiske alfabetet'.

På 1700-talet kom wolof-folket i kontakt med fransk språk og kultur i hamnebyane Saint-Louis og Gorée (Ndar og Beer på wolof), og det voks fram ein litteratur på wolof skriven med det latinske alfabetet. Den noverande rettskrivinga er frå 1975.

Språksystem

Wolof er eit SVO-språk, det vil seie at først kjem subjektet, så verbgruppa og til slutt objektet og andre ledd:

subjekt verbgruppe objekt
Omar jaay na fas wi
'Omar' 'kjøpe' 3sg, avslutta 'hest' bunden eintal

'Omar kjøpte hesten.'

Verbet står oftast ubøygd og har framfor eller etter seg eit ord som fortel om subjektet er første, andre eller tredje person, eintal eller fleirtal, og det fortel om aspekt og tid ved verbet. Dinaa jaay tyder 'eg skal kjøpe', der dinaa uttrykkjer første person eintal og framtid.

I setninga ovanfor er substantivet fas 'hest' følgt av den bundne artikkelen wi. Det finst ti ulike bundne artiklar, åtte i eintal og to i fleirtal, og ein må lære for kvart substantiv kva for ein artikkel dei tek: kër gi 'huset', xar mi 'sauen', xarit bi 'venen', xarit yi 'venene' og så vidare. Det finst òg ubundne artiklar, som har a framfor konsonanten i staden for i etter, og som står framfor substantivet: ab xarit 'ein ven', ay xarit 'vener', aw fas 'ein hest'.

Lånord

Det mest internasjonale ordet med opphav i wolof er fransk boubou, som er velkjent for folk som har vore i Vest-Afrika. Ordet kjem av wolof mbubb [mbubbᵊ]. Fransk har det nedsetjande bougnoul 'nordafrikanar', som truleg kjem av wolof bu n̂uul 'som er svart'.

Wolof har lånt mange ord frå fransk, mellom anna butig 'butikk', gereew 'streik' og kiltiir 'kultur', av fransk boutique, grève og culture. Det franske douche 'dusj' er blitt til duus, som tyder 'toalett'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://snl.no/wolof_-_spr%C3%A5k

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy