Joruba er eit språk som høyrer til språkfamilien niger-kongo. Joruba er førstespråket til nærmare 44 millionar menneske i Nigeria og grannelanda og andrespråket til kring 2 millionar menneske. Det er eit av dei få afrikanske språka som framleis er nytta i Amerika – i den kubanske religionen lukumí.
Førstespråkstalarane av joruba fordeler seg slik mellom ulike vestafrikanske land:
- Nigeria — 42 600 000
- Benin — 210 000
- Elfebeinskysten — 115 000
- Ghana — 460 000
- Niger — 74 800
- Sierra Leone — 6 300
- Togo — 121 000
Det tradisjonelle busetnadsområdet til jorubafolket blir kalt Ìlẹ-Yorùbá ‘Jorubaland’, som omfattar det sørvestlege hjørnet av Nigeria pluss Benin og Togo. I Nigeria vil det seie delstatane Ọyọ, Ọsun, Ogun, Ondo, Ekiti, Kwara og Lagos og den vestlege delen av Kogi. Joruba er offisielt språk i den nigerianske delen av ‘Jorubaland’.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.