Náhuatl er eit språk som høyrer til den aztekiske greina av den uto-aztekiske språkfamilien. Nahuatl er førstespråket til kring 1,5 millionar menneske, dei fleste i Sentral-Mexico, av 200 000 i USA og 20 000 i El Salvador. Náhuatl blir talt av nahua der aztekarane var den mest kjende folkegruppa, og var hovudspråk i det aztekiske riket (1325–1521) i det sentrale Mexico og lingua franca i store delar av Mesoamerika fram til og med tidleg kolonitid.
I dag blir talt náhuatl gjennom ei rekkje dialektar i det sentrale Mexico, men også av nahua i andre delar av Mellom-Amerika (til dømes av pipil i El Salvador) og av nahua som har emigrert til Nord-Amerika. Språket er det mest utbreidde av urfolksspråka i Mexico. Nahuatl har status som nasjonalspråk i Mexico, saman med dei andre urfolkspråka i landet. Det er eit resultat av ei lov vedteken 13. mars 2003, Ley General de Derechos Lingüísticos de los Pueblos Indígenas 'Allmenn lov om dei språklege rettane til urfolka'.
Endonymet for språket er nāhuatl [ˈnaːwatɬ], og ein person som høyrer til den etniske gruppa som snakkar nahuatl, er ein nāhuatlācatl [naːwaˈtɬaːkatɬ] 'nahua-menneske', fleirtal nāhuatlācah [naːwaˈtɬaːkaʔ]. Landet heiter Mēxihco [meːˈʃiʔko] 'Mexico', og mēxihcatl tyder 'meksikanar'. Āltepētl Mēxihco tyder 'Mexico by', der āltepētl 'by' er sett saman av ātl 'vatn' og tepētl 'fjell' og tyder bokstavleg 'vassfjell'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.