Prydand er ein liten andefugl i andefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Callonetta leucophrys
- Beskriven av
- (Vieillot, 1816)
- Framandartstatus i Noreg
- NK – Ingen kjent risiko
Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 420 gram og hofuglane rundt 320 gram.
Arten er knytt til tropisk sumpskog, ulike våtmarkshabitat og dyrkbar mark. Prydand er ein planteetar som lever av plantedelar og frø som han finn i vassoverflata.
Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt ni egg som blir ruga ut i løpet av ca. 29 dagar. Reira blir bygd i hôlrom.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.