Odda er ein tettstad i Ullensvang kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,9 km², og har 4764 innbyggjarar (2023).
Odda er administrasjonssenter i Ullensvang kommune. Tettstaden ligg ved botnen av Sørfjorden, på begge sider av Opo, elva mellom Sørfjorden og Sandvinvatnet ovanfor. Odda er den største tettstaden i Hardanger. Tettstaden er eit viktig handels- og servicesenter for Indre Hardanger og eit viktig samferdselsknutepunkt.
Odda har frå 2004 bystatus etter kommunalt eigenvedtak. Odda var tidlegare ein eigen kommune (sjå Odda kommune), men vart i 2020 slått saman med Jondal og Ullensvang til nye Ullensvang kommune. Odda vart kommunesenteret i den nye kommunen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.